The Spoils Before Dying - Filmdagbok

The Spoils Before Dying 2015

The Spoils Before Dying er ein stilistisk oppfølgjar til The Spoils of Babylon. Det vil sei ein parodisk komedie som gir seg ut for å vere ei seriøs filmatisering av ei bok, av ein oppdikta forfattar som i sitt univers trur han er legendarisk.

Handlinga i The Spoils Before Dying er om ein jazzmusikar som blir skulda for drap, og hans kamp mot tida for å bevise si uskuld i eit Hollywood der farane lurer i skuggane. Michael Kenneth Williams er denne musikaren, Rocky Banyon, og har eit seriøst ansiktsuttrykk som går godt i lag med parodien dette er av eit blodig alvor.

Som sin forgjengar er dette ein miks av påtatt lågbudsjettsproduksjon, sensurerte eller tapte scener, 1950-aktige eksperimentelle metodar og opningar og avsluttingar av ein avdanka alkoholisert forfattar, portrettert av ein tungt sminka Will Ferrell.

I det store og heile er denne serien litt som ein god idé tatt for langt. Ein episode heller enn ein heil serie hadde kanskje vore nok. Men når det først har blitt ein serie, så er det likevel krydra med nok små glimt her og der til at det fungerer.