The State Within er ei blanding av terror, konspirasjonar, britisk og amerikansk politikk. I hovudsete finn me Jason Isaacs. Han spelar den britiske ambassadøren som må hamle opp med eit surr av innvikla trådar. Alle er han heldigvis ikkje innvikla i. Med seg har han ei solid skuffe med andre sterke skodespelarar som eg ikkje har ein snev av peiling på kven er. Med de gjer ikkje noko.
No har eg aldri vore spesielt interessert i denne type serie før, politisk thriller altså, og tok ein sjans på at eg kom til å like dette. Betalinga kom i form av seks timar med topp underhaldning. Sjølv om eg gjekk glipp av ein stor del av dialogen på grunn av mi vesle erfaring med britisk tv utan teksting. Eg tør påstå at dette kunne blitt februar sitt store høgdepunkt om eg hadde klart å fange opp all snakkinga. Eit gjensyn er i tankane for framtida.
Så vil eg anbefale serien vidare. Iallfall til dei som føler dei kan sette seg ned med noko som er tyngre enn 24. Her krevst det full konsentrasjon for å få med alle relative trådar, men med god påskjøning.