The Thick of It - Filmdagbok

The Thick of It 2005

The Thick of It er ein britisk serie, laga av Armando Iannucci. Han står også bak den amerikanske komiserien Veep. Dette var den utløysande faktoren for kvifor eg gjekk i gang med The Thick of It.

Eg hadde forventningar til komedien, men ante også at denne kom til å vere noko annleis enn si amerikanske tilnærming. Ulikt publikum, og generell erfaring med seriar tilseier dette.

The Thick of It handlar om apparatet bak britiske politikarar, og er stort sett prega av håplause situasjonar kor desse så vidt klarer å handtere relativt meiningslause problem.

Det er ein tidvis morosam serie med gode poeng, men eg har nok behov for meir flyt og karakterbygging enn kva dette er. Etter min smak er dette for oppstykka. Det drar også ut, så det blir for lenge mellom dei morosame delene som interesserer meg. Ei anna sak er at mykje av komedien krev kjennskap til britiske personar.

Det har tatt meg eit år å sjå dei fire sesongane. Til tider har eg vurdert å rangere serien så lågt som 2/5. Det ville derimot vere urettferdig mot dei beste stundene. Dessverre er underhaldningsverdien totalt sett ikkje så langt unna dette.

I tillegg til nokon av ideane og det store bildet, er det først og fremst karakteren Malcolm Tucker, spelt av Peter Capaldi, som er grunnen til å sjå The Thick of It.