Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Walking Dead (2010)

The Walking Dead

Serie
3

Etter å ha fullført zombieserien The Walking Dead, er tida inne for å formulere nokon velvalde ord om serien eg har følgd med på sidan 2010.

For nokon år sidan var eg meir involvert i kva som skjedde på teikneseriefronten enn i dag, og The Walking Dead var ein serie eg hadde lest ein del av. Sidan 2014 har eg ikkje fått med meg kva som har skjedd der, men eg kom omtrent så langt som det serien vil nå i sjuande sesong.

Det var interessa for teikneserien som gjorde at eg straks byrja å følge med på serien. Og første sesong var ei god oppleving som gav meg trua på serien vidare.

Men tidleg i andre sesong slo historia seg til ro på ein bondegard. Det som følgde vidare var ein irriterande innhaldsfattig og kjedeleg sesong, som gjorde at eg til slutt gav opp serien. Og eg heldt ikkje vidare fram før tredje sesong var over, og fleire hadde stadfesta at han tok seg opp igjen på spenning.

Eg var ikkje åleine om å bli lei av bondegarden. Tim op Tim’s Film Reviews (timsfilmreviews.wordpress.com) meiner andre sesong mistar kjensla av zombieapokalypse og blir for oppteken av såpeopera og sidehistorier. Han rosar starten og avslutninga, men meiner dei ikkje veg opp for dødtida mellom. Det er mykje av den same frustrasjonen som fekk meg til å legge serien frå meg ei stund.

Etter dette synest eg serien har halde eit godt nivå. Stort sett stabilt, nokon gonger verkeleg bra, og heldigvis få gonger med dårlege episodar og periodar. Eg har gitt opp å følge serien fast, og kan ikkje dømme dei par siste sesongane med dei tidlegare på same grunnlag, men dei har vore gode nok å sett samanhengande.

Eg heller mot å ikkje anbefale The Walking Dead vidare. Det finst nok av andre godbitar som held eit høgare nivå heile vegen. Dessutan er dette ein dyster serien av nyare tid som ikkje har noko positivt å seie om menneske, og hamrar inn sitt eige negative syn om at det ikkje er skilje med godt og vondt.