Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Weird Al Show (1997)

The Weird Al Show

Serie
3

Det finst vel ikkje mange grunnar til å sjå The Weird Al Show. Men min var iallfall den enkle at som tidlegare, og litt noverande, fan av musikken til 'Weird Al' Yankovic, så var eg nysgjerrig på kva dette var.

Og det viser seg, etter å ha sett og lest litt om dette, at The Weird Al Show er eit barne-tv frå CBS, sendt laurdagsmorgonar i 1997. Totalen av episodar enda opp på 13, så det var overkommeleg som ein kuriositet å sette i gang med.

Sjølv om dette er barne-tv, så er det smått artig. Mykje av innhaldet er humor, tema og inspirasjon frå det som utgjer den musikalske karrieren til 'Weird Al' Yankovic frå før 1997. Og barn har aldri vore hovudmålgruppa hans. Sånn sett er dette like tullete på ein vaksen måte som fans er kjent med.

Episodane er bygd opp rundt poeng som er meir retta mot barn, og er stort sett like alle saman. 'Weird Al' Yankovic held til i ei grotte, har ein lærdom i kvar episode, les brev, ser artige innslag på ein tv, og får gjester.

Med utgangspunkt i kven dette opphavleg er for, så var det overraskande overkommeleg og til dels artig nok til å interessere. Men eg må også innrømme at eg ikkje følgde nøye med på alt i kvar episode. Den totale rangeringa mi er dermed basert på både forventingar, leveranse og dette som ein kuriositet og delvis som eit program å ha på i bakgrunnen.

Adam Tyner på DVD Talk (dvdtalk.com) meiner serien er for ujamn og barnleg til å fungere særleg godt for andre enn dei mest trufaste fansa. Han finn likevel fleire gode parodiar mellom dei gjentakande lærdommane. Eg er mildare i vurderinga, men det er nok fordi eg også ser dette som ein kuriositet. Kjennskapen til 'Weird Al' Yankovic gir dei små påfunna ein ekstra verdi, sjølv når ikkje heile episoden held på merksemda.