
The West Wing
Det har teke meg nokon år sjå gjennom heile The West Wing. Men det har vore verdt det.
Det var Aaron Sorkin, manusforfattaren til The Social Network og kjent også som regissør, som interesserte meg ved serien. Han er blitt kjent for kjappe og vittig replikkar i det han har laga. Han har også ei interesse for mekanikken i politikk og media som blir spegla i filmane og seriane hans.
Denne stilen fenga meg, og The West Wing var ingen unntak. Serien har i tillegg til humoristisk og fengjande vore lærerik. Hakket for idealistisk og simplifisert, men det er delar av sjarmen.
At politikk kan bli fengjande fjernsyn, kjem òg fram i omtalen av dei tidlege sesongane på Rev/Views (rev-views.blogspot.com). Skribenten blei meir interessert i stoffet enn venta og trekker særleg fram dei engasjerande personane og den gode dialogen. Det passar godt med det som fekk meg til å følge serien vidare. Dei kvikke replikkane gir inngangen til eit stoff som elles kunne ha blitt tørt.
