
The Witcher
The Witcher er opphavleg ein serie med spel, som no har fått sin eigen serie på Netflix. Det er mykje å seie om han, og eg vel å ta for meg det eg tenkte mest på, utan å bruke for mykje krefter på å finpusse på samanhengen i innlegget.
Opphavet i spela er teke godt vare på. Trur eg. Eg har aldri spelt spela. Men det er både små detaljar som kverning av urter, og store linjer som sjølvstendige episodar som merkar seg ut. Episodane heng laust saman i tid og rom. Det er ei raud tråd som det tar tid å finne heilt ut av. Samtidig følger me hovudpersonen Geralt utan altfor stor samanheng frå episode til episode.
Serien ser bra ut. Han er svært visuell med mange monster og spesialeffektar. Det er ikkje akkurat noko billeg ræl som er sett saman. Det er også mykje hud og vise til, då serien vel å ta den dristige retninga. Dette er ein av tinga er ikkje veit om har opphavet i spela, men i serieverda er vanskeleg å unngå ei samanlikning med tonen til vaksne HBO-seriar.
Eg likte The Witcher. Serien hadde ikkje får mange karakterar, men utfordra litt på tidslinjene han følger. Det at du aldri heilt veit når eller kor du er, skjerpar iallfall meg.
Tidslinjene skaper først meir forvirring for Lindsey på A Rambling Reviewer (aramblingreviewer.wordpress.com). I omtalen av første sesong skriv ho at serien fekk langt større kraft då ho forstod korleis historiene hang saman, og kunne følge utviklinga i forholda. Eg opplever sjølve uvissa som skjerpande. Me endar likevel med å like sesongen, trass i at inngangen til den same forteljarmåten er ulik.
Eg var spent på om ein ny sesong kunne følge opp på bra vis. Men berre ti minuttar inn i første episode av andre sesong hadde eg fått nok, og det var alt The Witcher fekk av mi tid.
