Hopp til hovedinnhold
Plakat for The World at War (1973)

The World at War

Serie
4

Denne dokumentarserien om andre verdskrig er over 40 år gammal, men held seg veldig godt. Heile 26 episodar går grundig gjennom dei ulike sidene ved krigen som herja verda over.

Bortsett frå at eg ser på serien som lærerik og interessant, har han også ei form eg set pris på. Det er mykje arkivfoto, og serien har ingen hastverk i klipperytmen. Her passar den gode gamle og litt tregare forma godt, ho som prega tv før.

Bileta får større kraft når dei blir sette saman med røyster frå menneske som var der. Omtalen på Military History Matters (military-history.org) rosar blandinga av arkivmateriale, forteljing, analyse og augevitne, og framhevar at serien gir plass til vanlege menneske. Det er noko av det eg set pris på ved forma. Ho gir meg tid til å ta inn både materialet og perspektiva, utan at eit høgt klippetempo må halde interessa oppe.

Samtidig er ikkje serien forsøpla av tendensen mange moderne dokumentarar har, som er å påføre stemma til skaparen på verket og formidle historia som han ønsker. Sannsynlegvis er ikkje The World at War objektiv han heller, men når eg ser dokumentarar er eg oppmerksam på eventuelle vinklingar, og her er det berre nokon få i blant.