- Filmdagbok

The Wrong Mans

BBC- og etter kvart Hulu-serien The Wrong Mans er god i første sesong, men leverer ein skuffande og unødvendig andre sesong. Kritikken min går ikkje på at serien kunne ha gitt seg. Eg kunne ha gitt meg, men eg ønska å bli heilt ferdig med han. Så det handlar stort sett om at eg berre likte første sesong etter å ha sett tilbake på heile serien.

Sam er ingen helt, og ingen spenstig person. Han hamnar midt oppi ei kriminell og skummel greie når han plukkar opp ein mobiltelefon etter bilkrasjen til ein annan person.

I kjent stil blir ein hovudperson kasta inn i noko og må trå til. Ein slags versjon av ei heltereise, men med mange heltelause innspel. Artig nok i første sesong som er passe sprø, men framstår som tona ned. Mindre artig i andre sesong som tar det for langt.

#Hulu #BBC