
Tin Man
SyFy gir regelmessig ut originale miniseriar. Tidlegare har dei besøkt Bermuda-triangelet i The Triangle, eit motellrom i The Lost Room, streifa innom bortføringar i Taken og trolldom i Legend of Earthsea. Tin Man går til verda frå The Wizard of Oz på ein ny måte som kvalifiserer serien som nytolking heller enn nyinnspeling.
DG (Zooey Deschanel) er ikkje ei vanleg jente som ho trur. Under ein storm blir ho sendt frå vår verd til Outer Zone (O.Z.), der planar for livet hennar er laga. I O.Z. herjar ei vond heks med planar om å mørklegge verda for evig og alltid. DG, som saman med ein tin man, tidlegare politi, ei synsk løve og ein kongeleg rådgjevar utan hjerne må rømme, løyse mysterium og stoppe heksa.
Tin Man har gode idear. Eg likar opplegget med å kome tilbake til O.Z. mange tiår eller hundreår etter Dorothy var der i The Wizard of Oz er både spennande og eit godt grunnlag. Det er på gjennomføringa det manglar, det er mykje halvgjort og mindre gjennomtenkte sider. Serien prøver å gjere alt stort og mektig med dataanimasjonar som ikkje held stand. I staden for å bomme her kunne dei ha tona ned mens dei heller brukte meir energi på å gjere oss kjente med karakterane. For dataanimasjonane er den største svakheita i Tin Man.
Dataanimasjonen får ei mildare vurdering av Rick DeMott på Animation World Network (awn.com). Han synest effektane held godt til fjernsyn å vere, og meiner nytolkinga og fleire av prestasjonane held interessa oppe gjennom miniserien. Eg er meir kritisk til gjennomføringa. Når det visuelle skal gjere så mykje av jobben, men ikkje overtyder meg, blir det ekstra tydeleg kor mykje betre eg gjerne ville ha kjent dei som reiser gjennom denne verda.
Interaksjonen mellom karakterane er fleire hakk under det eg forventa av ein god serie. Trass i kjente namn på lista over skodespelarar og fleire gode augeblikk der desse briljerer på eiga hand, manglar kjemien desse imellom.
Hadde SyFy sikta litt lågare trur eg Tin Man kunne ha fungert ganske godt, men klarer du å sjå forbi alle halvhjerta gjennomføringane undervegs er det ingen tvil om at dette er eit flott eventyr, spesielt for dei yngre.
