Top of the Lake - Filmdagbok

Top of the Lake 2013

Det som lokket meg til å sjå Top of the Lake var at nokon gjorde ei samanlikning med seriar som Twin Peaks og True Detective. Som i at det er ein krimserie, går føre seg på ein nokolunde mindre og avsides stad, og at naturen er ein stemningsgiver.

Handlinga finn stad i ein liten by på New Zealand. Ei ung jente prøver å ta livet av seg. Etterforskar Robin Griffin (Elisabeth Moss) bur til vanleg i Australia, men er på New Zealand og i byen for å besøke mora. Ho blir sett på saka, men den unge jenta forsvinn før Robin får svar på kva som har skjedd.

Det blir sett i gong ein leteaksjon, men å vere etterforskar i denne byen er ikkje lett. Mange mørke sider ved byen og sentrale personar der dukkar opp undervegs, og me blir også fortalt den triste bakgrunnen til Robin over tid.

Serien spelar for det meste på frykta for det ukjente. Me blir fortalt resultatet av hendingar, mens det som har skjedd i desse tilfellene er et mysterium. Og det er mykje rart som føregår i denne byen.

Eg forventa å bli soge inn i serien og bli hekta, slik som eg blei då eg så Twin Peaks første gang. Men Top of the Lake har ikkje det som skal til for å få dette til. Serien er god på så mange andre måtar, men det vesle ekstra i stemning og oppbygging for å hekte meg manglar.

Det eller dei kriminelle elementa i serien er styrken til serien. Her er det ingen typisk mord eller typisk etterforsking. Det er eit uklart bilde både for oss og Robin Griffin kva som har skjedd og nødvendigvis skjer heile tida, og både hennar psyke og ikkje minst hindringane mange av innbyggjarane er, er viktige faktorar.

Ettersom eg ikkje blei hekta umiddelbart såg eg dei sju episodane over ei veke, for å få ein god flyt i gang. Dermed fekk eg tid til å fordøye episodane undervegs, og er rimeleg trygg med konklusjonen min. Som er at Top of the Lake er en solid serie med fleire gode historier, men at den med fordel kunne ha forsterka ulike element for å skape ei større interesse, og eventuelt bygd opp episodane annleis for å få dette til.

Andre sesong kom i 2017 og har lagt handlinga til Sydney i Australia. Det handlar om sexarbeidarar, eit drap og om dottera til Robin Griffin. Det er ein anna type sesong enn første sesong, i og med at han er mindre stemningsrik. Men det er eit dystert bilde av eit miljø i Sydney som blir teikna, og tematikken er også omkring ein avgrunn innanfor noko avskyeleg seksuelt.

I løpet av seks episodar er det få lyspunkt i andre sesong av Top of the Lake. Det er det dystre som får mest plass, og ikkje ei lur eller unik etterforsking av ei innvikla sak. I lys av at eg nyleg har sett den kanadiske serien Fugueuse som handla om ei ung jente som blir prostituert, så er denne sesongen litt av det same. Eg reknar med at sesongen kan bli sett på utan å ha sett første sesong, og han har også hatt tittelen Top of the Lake China Girl i introduksjonen, for å skilje han ut frå første sesong. Men om eg skulle velje å anbefale ein av sesongane, så blir det den første.