Hopp til hovedinnhold
Plakat for Toxic Town (2025)

Toxic Town

Serie
3

Toxic Town grip tak i eit viktig tema. Det tek utgangspunkt i at noko urettferdig rammar dei uskyldige. Det handlar om ei forgifta bygd og foreldre som må slåst for ungane sine.

Historia er sterk. Men serien kan i blant bli for melodramatisk.

Mødrene, som skal vere kjernen og hjartet i dramaet, blir tidvis stereotype versjonar av seg sjølve. Eg saknar meir djupne. Det blir aldri heilt truverdig, og stikk aldri djupt nok. Sjølv om poenget eigentleg er alvorleg.

Nandini Balial på RogerEbert.com (rogerebert.com) ser òg påtrengande dialog og enkle skurkefigurar, men meiner skodespelet veg opp for dette. Særleg samspelet mellom Jodie Whittaker og Aimee Lou Wood rører henne. Der skil opplevingane våre lag. Eg får ikkje den same nærleiken til mødrene, og dermed blir dei tydelege verkemidla meir merkbare enn kjenslene dei skal vekke.

Toxic Town prøver å overbevise med å hamre inn bodskapet. Det blir litt for mykje. Kanskje han burde gjort det litt meir roleg så det kunne komme under huda på meg. Historia er god nok til at det hadde gått.