Transparent - Filmdagbok

Transparent 2014

I serien Transparent frå Amazon følger me ein familie som held til i Los Angeles. Tre vaksne barn og to foreldre, som alle er sentrale karakterar. I det faren avslører at han likar å kle seg ut som kvinne, kjem dei personlege problema til alle dei andre i familien til overflata.

Tittelen Transparent er eit enkelt ordspel på rolla faren har. Og legg også lista for dette som ein serie som tar for seg seksualitet og ei ærleg og gjennomsiktig formidling av karakterane.

Det er ein artig serie ei stund, som eg i første omgang såg på grunn av involveringa til Jay Duplass som skodespelar. Som fan av han og Mark Duplass sine produksjonar har eg ei aning om kva det dei er med i er.

Med tanke på stemning og på type humor, så gjeld det også for Transparent. Som har ein lun, men også absurd humor. Karakterar som oppfører seg som barn, men også kjærleik som balanserer det heile, og dramatiske poeng som gir djupne. Sistnemnde er nok det som fenga mange kritikarar.

Etter kvart mistar eg derimot noko av interessa. Djupna blir påtatt og serien framstår meir og meir som det han eigentleg er, eit portrett av sjølvmotseiing. Karakterar som kjempar mot seg sjølv, fordi dei trur dei må vere altruistiske, og dermed øydelegg for seg sjølv.

To år etter serien sin fjerde sesong kom seriefinalen The Transparent Musicale Finale, ein halvannan time lang episode i musikalformat. Han avsluttar serien på godt vis med eit endeleg punktum. Musikken er med på å balansere det triste temaet og det at serien er ved vegs ende. Eg kjente meg i utgangspunktet ferdig med serien i 2017, men set pris på dette endelege punktumet.