Tripping the Rift - Filmdagbok

Tripping the Rift 2004

Det er 14 år sidan eg såg første og andre sesong av Tripping the Rift, ein animert science fiction og komedie. Når den tredje sesongen no var mogleg å sjå, ville eg like godt bli ferdig med serien.

Den gongen eg byrja på Tripping The Rift var det andre tider for utvalet av seriar. Eg hugsar at serien var heilt grei, verken meir eller mindre. Nokon av karakterane var kule, og nokon av parodiane var morosame. Men etter å ha sett tredje sesong kan eg ikkje stå inne for denne meininga. Serien er full av meiningslaus og enkel humor, og parodiane er daterte.

I 2005 skreiv eg at dataanimasjonen var av den enkle typen, men samtidig gav eit teikneserieaktig preg til det heile. No ser eg på det som billeg og dårleg animasjon som heller ikkje hadde gjort seg i eit dataspel.

Eg blei ferdig med serien, og det var det. Og sjølv om han var gratis å sjå, er han ikkje ein eg kan anbefale vidare. Verken for animasjonsfans eller science fictionfans.