True Detective - Filmdagbok

True Detective 2014

HBO-serien True Detective er som tre ulike seriar. Dei tre sesongane har kvar si historie med eigne karakterar. Og så vidt eg kan oppfatte så har dei ingen samanheng.

Vel, tematisk samanheng finst. Sesongane legg stor vekt på stil og ei form for øydelagde eller dystre personar i sentrale roller. Ein slags hyllest til det dysfunksjonelle, ei moderne og kulturell greie eg ikkje heilt er med på.

Det eg set pris på er stemningsbygging til fingerspissane og godt fortalte historier. Og det har dei tre sesongane hatt hittil. Andre sesong er min førebels favoritt, då eg er svært glad i kva som er gjort der. Eit av dei grepa eg sette størst pris på der var korleis geografien til serien blei formidla. Og elles har denne sesongen mykje til felles med Twin Peaks. Som ein hyllest, ikkje ei kopiering.

Første sesong var også bra, men ikkje så gripande på historieforteljinga. Eg falt ikkje direkte av undervegs, men hadde problem med å engasjere meg heile vegen. Noko prega var eg sannsynlegvis av dårleg lyd, då musikken her er svært viktig, men det var ikkje berre det.

Tredje sesong er noko for seg sjølv. Det er som å sjå ein litt annan serie. Ein del på grunn av at det har gått nokre år sidan førre sesong. Men det er framleis ei innvikla etterforsking som er formidla. Og handlinga er spreidd over fleire tiår. Over heile karrieren til ein politimann.