
Tunna blå linjen
I Tunna blå linjen følger med ei lita gruppe med politi i Malmö. Me blir kjent med dei gjennom jobben og i det private. Episodiske handlingar og nokre få raude trådar på tvers er den generelle strukturen. Og episodane landar på ei speletid på om lag ein time kvar.
I første episode blir me kjent med Sara, som er ny i politiet. Ho har mykje å lære, og møter ein politistyrke som kan verke ganske tøffe. Men etter kvart vil me forstå mykje av grunnen til dette. Utan at serien sluttar å framstille dei mange sidene ved kva politiet eller innbyggarane til Malmö gjer og tenker.
Tunna blå linjen er ein serie som bevegar seg fint i sjangeren, med både personleg drama, yrkesrelatert innblikk, politisaker som gjer seg godt i serieform, og ein dose humor. Ikkje minst er karakterane gode, og det å følge dei gjennom tjukt og tynt er det beste med serien.
Det er noko av det same Sofia finn på Rörliga bilder och tryckta ord (bilderord.wordpress.com). Ho rosar kvardagsrealismen og skodespelet i første sesong, særleg Gizem Erdogan som Leah, men er mindre interessert i enkelte kjærleikshistorier. Eg likar dei private sidene betre. Likevel deler me kjensla av at serien gir politifolka nok liv til at det betyr noko å følge dei.
