TWIN - Filmdagbok

TWIN 2019

TWIN er ein serie som har gått på NRK. Han har Kristofer Hivju i hovudrolla som både Eirik og broren Adam. Handlinga er lagt til Lofoten, kor Eirik surfar og Adam driv utleige av husrom til turistar. Dei to brørne har ikkje prata i lag på 15 år.

Serien er ein thriller og ein krim med så grusame handlingar at det framstår både som brutalt og artig. Mykje av det som skjer er så fælt at eg må le av det. Ikkje fordi det er grafisk, men fordi samanhengen i handlingane og tankesettet til dei som utfører dei er så dryge.

Eg koste meg med den første sesongen til denne serien. Det var Kristofer Hivju som var trekkplasteret. Å sjå han spele to ulike rollar, ofte i scener der han spelar mot seg sjølv, er ein fryd. Som skodespelar har han eit spenn som gjer han truverdig både som seriøs og komisk, i blant samtidig.

I løpet av åtte episodar får me servert ei tettpakka historie som alltid utviklar seg. Det er ei akkurat passe mengd med episodar til at dette held høgt nivå heile vegen. Eg ser mot slutten at det er mogleg å halde fram. Samtidig hadde det vore fint om serien gav seg på topp.