Two Guys and a Girl - Filmdagbok

Two Guys and a Girl 1998

Two Guys, a Girl and a Pizza Place er ein serie som eg såg litt på i min spede ungdom, men som har tilgode å komme ut på video. Dette har gjort at eit ønske om å sjå igjen serien har blitt endå sterkare i løpet av åra enn med nokon annan serie.

Serien handlar om nokon unge menneske i ein storby. Episodane blander romantikk, vennskap og sprø hendingar. Med andre ord er det ein typisk post-Seinfeld- og post-Friends-serie.

At forventingane var høge gjorde nok litt til at det vart eit ørlite vonbrot å sjå denne igjen. Det er framleis ein gøyal serie, og har solide skodespelarar i form av blant anna Ryan Reynolds og etter kvart Nathan Fillion.