- Filmdagbok

Udda veckor

Ei par med tre born har nyleg skilt lag og bur no kvar for seg. Udda veckor er ein svensk komiserie som set søkelyset på den nyskilte kvinna først og fremst, men også på mannen og til dels dei andre personane rundt dei.

Første episode slo ikkje heilt an. Han var litt treg og ikkje spesielt morosam. Men eg gav serien ein vidare sjanse, og han leverer. Det blir både morosamt og vidareformidling av kva livet som nyskilt kan by på av utfordringar. Det nyskilte paret har med å komme med stikk og kommentarar til kvarandre, som kritikk og liknande, og det byr på mange gode scener. I tillegg er den mannlege kollegaen til hovedpersonen Frida alltid ein fryd å høyre på.

Udda veckor kom ut av det blå. Men eg tok ein sjanse og serien leverte.