Netflix-serien Unbreakable Kimmy Schmidt er blant seriane hjå tenesta som eg har sett fram til at skulle komme tilbake.
Dette handlar om ei ung kvinne i New York. Hennar kjenneteikn er at ho blei kidnappa og helde fanga i ein bunker i 15 år. Men serien er alt anna enn dyster for det.
Unbreakable Kimmy Schmidt er ein fargerik og lystig komedie. Ei blanding av forsterka stereotypar og gjenkjennelege situasjonar. Tina Fey og Robert Carlock har skapt serien, og har du sett 30 Rock vil du iallfall kjenne igjen stilen til Tina Fey.
Kimmy, spelt av The Office-alumn Ellie Kemper er eit optimistisk menneske som er glad for å ha sloppe fri. Hennar møte med storbyen er i form av byen sitt hav av opplevingar og moglegheiter i positivt lys. Ellie Kemper har ei stor breidde som komisk skodespelar, som gjer karakteren hennar ei fryd å følgje. Resten av skodespelarane vitnar òg om at apparatet til Tina Fey og Robert Carlock har treft perfekt med besetninga.
Ein ting eg likar med Unbreakable Kimmy Schmidt er at serien forblir ein komedie gjennom alle sine episodar. Her er det ingen forsøk på å bli noko dramatisk og seriøst. Som komedie er dette verkeleg bra. Dei fire sesongane har levert varene.
Oppfølgjarsesongane er ofte vanskelege å vurdere i lys av ein god førstesesong, men eg meiner at dei i denne serien er like gode, og at den einaste forskjellen er at karakterane då allereie er etablerte.
No når serien er avslutta, kan eg anbefale deg å sjå heile frå start til slutt.