
Undeclared
Tre episodar ut i serien tenkte eg at dette er bra, men at det manglar noko. Det som mangla var å sjå resten av serien, for dette blei jo stadig betre.
Først litt om mannen bak serien, Judd Apatow. Han var produsent for Freaks and Geeks og må ha fått mange gode kontaktar der. I Undeclared dukkar det opp ein drøss av ansikt derifrå i store gjesteroller. Dessutan er Seth Rogen godt plassert i ei fast rolle som overgår rolla i Freaks and Geeks meir enn litt.
Undeclared er for fans av nyare high school-komediar. Det handlar ikkje om spesielt mykje meir enn livet i eit kollektiv, men det er faktisk meir enn nok til å gjere det vel så underhaldande. I blant saknar eg mål og meining, i blant oppfyller serien dette saknet akkurat passe.
Det vesle kvardagslivet får òg mykje ros av MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com). I omtalen av heile serien framhevar ho observant skriving og eit ensemble som fangar det vanskelege ved å klare seg sjølv for første gong. Det er ein fin måte å forklare kvifor livet i kollektivet blir nok. Eg kan sakne eit større mål innimellom, men blir stadig vunnen tilbake av dei små situasjonane.
Eg kan ikkje love at dette er ein passande serie for alle, men sjølv er eg fan av American Pie og det som betre er. Fordelen her er at humoren må sitte for at serien skal vere sendedyktig, ettersom Fox er ein av dei kanalane som utøver sensurering av nakenheit, eit av trekkplastera i dårlegare high school-komediar på film.
For å få maks utnytting av serien og ikkje minst dei fantastiske gjesterollene som dukkar opp vil eg anbefale Undeclared som ein oppfølgar til Freaks and Geeks, eg kan ikkje dømme på anna vis.
