
Under the Dome
Etter tre sesongar blei Under the Dome avslutta. Ein serie eg i utgangspunktet hadde håpa skulle vare maks ein sesong, og som eg tidleg blei lei av. Men som eg likevel, på grunn av rein nysgjerrigheit, såg ferdig.
Under the Dome er den type serie eg har lært meg å styre unna som ny. Ein serie med eit spennande konsept, men som går på ein av dei enkle reklamekanalane i USA: CBS, NBC, Fox, med fleire. Det fornuftige er å vente, og vurdere om det er verdt å sjå etter ein serie har fått tid til å modne.
Hadde eg gjort dette med Under the Dome, så hadde eg styrt unna. Men eg blei tiltrekt ideen om ein by fanga i ein kuppel, og Britt Robertson. Sistnemnde slutta i serien tidleg, og eg mista interessa for serien før det igjen.
Det største problemet er at alt skal dra ut i tid eller overdrivast. Dette er fordi serien ikkje har eit godt nok grunnlag. Dermed blir det fort kjedeleg og irriterande. Ei viss form for sjåarsuksess førte til utviding av serien, og det hjelpte ikkje på for innhaldet sin del.
Lucien WD på BuzzHub (buzzhub.wordpress.com) meiner i omtalen av finalen at serien burde ha stoppa etter første sesong. Han likar starten langt betre enn eg gjer, men opplever at dei nye historietrådane etter kvart øydelegg grunnlaget. Det er nettopp problemet med å halde fram for meg også. Eit spennande utgangspunkt blir ikkje sterkare av fleire vendingar når dei berre skaper meir tid å fylle.
