
Untamed
Netlifx-serien Untamed er ein krimserie sett til Yosemite nasjonalpark i California. Det er ein serie med gode karakterar, fantastiske bilder og ei god historie.
Eg kunne ha latt det vere med dette. Det oppsummerer serien bra, og så kunne eg ha lagt til at eg kan rå deg til å sjå han. Men eg vel å utdjupe.
Eric Bana spelar ein etterforskar. Gjennom han og eit par andre blir me introdusert til miljøet i nasjonalparken. Kva utfordringar dei har og har hatt av kriminalitet. Og ikkje minst korleis dei ulike instansane innan politi og denslags er bygd opp.
Etteforskaren som Eric Bana spelar har både ei forhistorie og sterk personlegdom. Det gjer seg godt på skjermen. Eg har det med å like seriar som er meir karakterdrivne enn handlingsdrivne, men begge delar er sjølvsagt viktig.
Dei stille møta mellom karakterane er også styrken for Jonathon Wilson på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner at sorg og traume er viktigare enn sjølve mordgåta, og rosar Eric Bana sitt alvor i rolla. Han er meir kritisk til presentasjonen av villmarka enn eg, men her kjenner eg att mykje. Serien får tyngd fordi det som blir avdekt betyr noko for menneska me følger.
Så er det omgivnadane rundt handlinga. Vakre bilder frå naturen, scener som kanskje er spelt inn på lokasjonar i Yosemite nasjonalpark. Eg veit ikkje kva som er ekte og kva som er gjort i post-produksjon, men det både ser og fungerer veldig godt. Nesten som ein reklamefilm, og det fungerer godt som kontrast mot dei lugubre aktivitetane me blir vitne til.
Historia og oppbygginga er også god her. Litt etter litt får me vite kven som er kven, kva som skjer, kva som har skjedd og som kan ha skjedd. Framdrifta i serien er god, men verken for store avsløringar eller for mykje mystikk. Men no når me er blitt så godt kjent med alt og alle, så er eg spent på kva produsentane vil gjere med den annonserte andresesongen.
