Velvet Colección - Filmdagbok

Velvet Colección 2017

Med ein lang avsluttingsepisode på ein og ein halv time, runda Velvet Colección av med ein julespesial i desember 2019. Episoden kom på Netflix i slutten av februar, som ikkje traff så godt med tanke på høgtida, men han blei likevel sett straks.

Velvet Colección er ein avspinnar og oppfølgjar til den spanske serien Velvet som gjekk i fire sesongar mellom 2013 og 2016. Samanlikna med opphavet sitt så er han ein svak serie, utan dei aller viktigaste karakterane frå Velvet som gjorde serien god og interessant.

Eg sit igjen med lite å formidle frå dei to sesongane til Velvet Colección. Det gjekk mest på autopilot, og dei beste stundene var når gamle kjenningar dukka opp igjen. Folk som ikkje var del av det faste mannskapet i Velvet Colección. No er det over eit år mellom siste sesong, og julespesialen som fungerer som serieavslutting.

Velvet handla om å bygge seg opp, skape seg eit namn i moteverda, og møte utfordringar. Iallfall er det sånn ei god stund, og resten av serien klarar på sett og vis og flyte vidare på den bølga. Mens Velvet Colección mistar koplinga til ei slik verkelegheit, og mest av alt er intrigar i eit allereie etablert miljø. Eg høyres nok i overkant negativ ut, og lot meg underhalde nok med Velvet Colección til å ha lyst å sjå serien ferdig, men han må også skildrast som det han er.

Som avslutting er julespesialen fin på mange måtar. Han har fått med alle karakterane eg ønsker og forventar. Han har si eiga historie som filmformatet han har fått bør ha. Og han er eit framhald til serien. I tillegg så avsluttar han på verdig vis som at det ikkje blir noko meir etter dette.