Hopp til hovedinnhold
Plakat for Verden er min (2022)

Verden er min

Serie
2

Verden er min prøver nok å fange ei tid, ei stemning og eit miljø i Bergen. Det er litt interessant i ein kort periode. Men etter kvart går serien på autopilot for min del.

Odile (Amy Black Ndiaye) er i trettiåra og prøver å finne ein veg for seg sjølv og musikken. Rappmiljøet, vennskap og nære relasjonar blir delar av ei historie om å vere vaksen utan heilt å ha funne ut kvar me vil.

Det er ikkje eit dårleg utgangspunkt. Eg kan fint vere interessert i ein slik serie. Problemet er at interessa ikkje varer lenge, og at fortsettinga ikkje gir meg nok til å få henne tilbake.

Tord Magnus Håland Dyrkorn på Universitas (universitas.no) er også kritisk til karakterar og konfliktar, etter å ha sett dei to første episodane. Han meiner ein interessant visjon blir overskygd av det som ikkje fungerer i dramaet.

Eg gav dei seks episodane ein sjanse, i tilfelle det tok seg opp. Det var nok mykje av grunnen til at eg blei verande. Men til slutt sit eg igjen med eit passe kjedeleg drama. Verden er min hadde noko å begynne med, utan å få nok ut av det gjennom resten av serien.