Veronica i Veronica Mars har blitt skildra som litt Buffy frå Buffy the Vampire Slayer, litt Humphrey Bogart og litt Nancy Drew. Det er ingen dum måte å sei det på, men det forankrar serien for mykje i eksisterande fiksjon. Rob Thomas har laga ein serie som både har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film noir og som handlar om detektivar framandgjort av samfunnet rundt seg. Men han har også laga noko heilt eige.
Kristen Bell var på veg opp og fram i filmverda da ho i 2004 fekk hovudrolla i serien. Ho passar godt inn da ho enkelt glir rett inn blant enten dei rike ungdommane i byen Neptune, eller snur på mynten og bli tøff som pokker og sylskarpt sarkastisk. Ho ser søt ut, men er også truverdig som den ressursfulle personen du neppe vil gjere sur. Veronica er inga bølle, og bak den tøffe sida igjen er det mykje ei vanleg jente som skjuler seg.
Veronica har ein far som er privatetterforskar. Ho har mange tidlegare venner frå den rike delen av Neptune. Dei er ungar av folk som har utstøytt faren hennar etter ei mordetterforsking han gjorde som sheriff eit år i forkant. Mordet blei aldri løyst. Trådane er framleis mange og lause. Veronica meiner at saka bør bli løyst som respekt for offeret, hennar tidlegare beste venninne.
Mysteriet som mordet er, er ein raud tråd i første sesong. Episodane varierer mellom episodiske saker og eit hovudmysterium. Serien har også fleire mysterium, samt mellomstore saker som går over fleire episodar. Ei god veksling mellom nye ansikt og dei store mysteria gjer at momentet finst heile vegen, og den raude tråden ikkje blir langdryg.
Eg har sett meg gjennom serien to gonger. Mitt gjensyn med serien gav meg nesten like mykje som første gang eg så han. Eg hugsar at eg første gang hadde store forventningar til andre sesong. Første sesong var blant det beste eg hadde sett av tv-serie på den tida, og det skulle ein del til for å leve opp til dette. Men etter dei to innleiande episodane var all tvil vekke. Andre sesong gjer på mange måtar det same som første sesong, og tar utgangspunkt i eit større mysterium, mens fleire mindre krydrar serien. Samanlikna med tidlegare har me no ei forhistorie me kjenner til, tonen er litt mørkare enn før, og det er litt færre småsaker enn før. Den raude tråden krev litt meir at du følger med på samanhengane.
Dei gode orda om serien er mange frå meg. Vekslinga mellom å vere ei utfordring, stadig overraske, pirre med å gi berre ein smak av enkelte problem som seinare kan dukke opp igjen som viktig i det store bilde, nytte klassiske high school-problem i smart innpakking, vere alvorleg og tankevekkande og spiss på sarkasme.
Tredje sesong blei den siste sesongen i den opphavlege runden til serien mellom 2004 og 2007. Dette er den sesongen som skil seg mest ut frå dei andre. Me har forflytta oss frå high school til college. Ungdommane som tidlegare oppførte seg som vaksne har blitt vaksne. Handlinga er mørkare og har blitt meir alvorleg enn før. Men den største forskjellen er oppbygginga til sesongen. Veronica Mars gått frå å ha ein raud tråd gjennom heile sesongen til å ha fleire mindre historier fletta saman som strekk seg over færre episodar. Det fungerte bra tykte eg. Resultatet blei ein sesong med serien som etter kvart hadde utvikla seg til å bli den mest stabile serien eg har følgt med på over fleire år.
Om den fjerde sesongen som kom ut på Hulu i 2019 har eg berre positivt å sei om. Eg rakk aldri å bygge opp store forventningar, så eg blei verken overraska eller skuffa på grunn av sånt. Det er alltid spennande å sjå kor mange kjente som dukkar opp i seriar og filmar som held fram etter så mange år. Veronica Mars løyser det godt ved å berre ha eit fåtal som viktige karakterar. Kven som er med og ikkje handlar om kva rolle dei har i Veronica sitt liv, og i staden Neptune. Den korte sesongen på åtte episodar har god flyt, og blir bygd opp rundt eit hovedmysterium og nokre små andre hendingar. Alt er fletta godt i lag, og det er ikkje mykje rom for tidsfordriv. Sesongen liknar mest på dei to første sesongane, men unngår det som gjorde Veronica Mars til ein ungdomsserie.
Veronica Mars er ein serie eg fullt ut anbefalar. Han gir veldig mykje tilbake for tida han brukar på å utfolde seg.
Det er ein av få seriar eg vel å gi høgaste rangering. Etter tredje sesong kunne eg berre spekulere i om serien ville ha halde på kvaliteten om han hadde halde fram. Men sjølv etter å ha sett fjerde sesong vel eg å halde på høgaste rangering.