I 1994 såg eg julekalenderen Vertshuset den gyldne hale då han gjekk på NRK. Og i samband med at eg fyller tomme innlegg på Filmdagbok, skriv eg nokon velvalde ord om denne serien 17 år seinare.
Seriar eg har sett i barndomen har hatt ein tendens til å brenne seg fast, og sjølv om eg ikkje hugsar Vertshuset den gyldne hale som om serien gjekk i går, så hugsar eg inntrykket serien gav.
Dette var enkelt nok ikkje min favoritt blant julekalendrar, men heller ikkje blant dei verste. Det var ei viss spenning som det oftast var med julekalendrar som barn. Men eg kan aldri hugse å ha vore spesielt interessert i teiknespråket, og tykkjer i grunn det var litt kjedeleg at det ikkje blei snakka noko særleg.