Vikingane - Filmdagbok

Vikingane 2016

Vikingane er ein serie som har herja på NRK sidan 2016. Tredje sesong som kom i 2020 blei døypt sesong 0, og handlinga var lagt til før første sesong.

Det er med tredje sesong fersk i minne eg både skriv dette, og har løfta rangeringa frå 3/5 til 4/5. Heilt sidan starten har det vore ein serie eg har ledd mykje av, men eg trur eg sette endå litt meir pris på tredje sesong.

Vikingane handlar om vikingar i gamle Noreg. Handlinga er lagt til eit lite miljø som består av krigarar, trellar, andre kvinner og andre menn. Mykje av humoren bygger på å sette tankesettet frå notida inn i handlingane til vikingtida. Serien kosar seg også med å snakke om film- og seriegrepa som er gjort i metafilmform.

Tonen er lystig og lett. Når serien byr på blodige drap og grusame scener, er det med glede for vald på film som motivasjon. Vikingane går seg ikkje fast i ein sjanger, men har på eit vis bygd seg ei kjerne som toler varierte innspel utan å miste fokus.

Og uavhengig av graden av korrekt forteljing av historie, så er innspela av vikingtid både interessant og artig.