Vinyl er ein serie om sjølvdestruktive personar som ikkje oppnår noko spesielt i løpet av tida me følger de. Det er ein serie med handling lagt til tidleg 1970-tal og eit plateselskap, kor me primært følger sjefen for selskapet Richie Finestra, og nokon av hans næraste kollegaer, venner og familie.
Finestra blir spelt av Bobby Cannavale, som i og for seg spelar godt. Men karakteren har ingen sider å sjå opp til. Han er fæl mot andre menneske, og sniffar konstant kokain. Første episode handlar om at han og dei andre partnarane i plateselskapet er i ferd med å selje det, men Finestra gjer ei heilomvending i siste liten som stoppar salet.
I løpet av sesongen følger me dei som er involvert i dette miljøet, og korleis plateselskapet er nøydd til å fornye seg. Dette er ei interessant endring, men for ein gongs skyld handlar det for mykje om personane. Det burde vere eit pluss, men i Vinyl er dei fleste personar eg ikkje likar fordi dei tar dumme val og må tåle følgjande.
Det blir mykje fram og tilbake, og serien flettar inn mange små historier som kanskje er basert på historier ein eller fleire av serieskaparane sit med. Eg tenker mest på Mick Jagger her. Nokon er interessante, andre kjennest meir tvinga på. Serien er også prega av handa til Martin Scorsese på verket, men bommar her, og mange av verkemidla verkar daterte.
Det er altså meir som ikkje stemmer med Vinyl når du går i detaljane. Det er stort sett ting eg tenker på fordi historie og karakterar ikkje sit som dei skal. Resultatet er ein av dei svakaste seriane til HBO.