Plakat for W głębi lasu

W głębi lasu

W głębi lasu er ein polsk Harlan Coben-serie på Netflix som går under den engelske tittelen The Woods.

Harlan Coben er ein namn som gjerne betyr thriller, mysterium og krim. Handlinga i The Woods er lagt til tidleg 1990-tal, kor det skjer noko kriminelt på ein sommarleir. Og seint 2010-tal, kor noko nytt skjer som opnar opp igjen for å finne ut kva som skjedde den gongen.

Dette er den tredje serien frå Harlan Coben eg ser. Etter Safe og The Stranger. The Woods er hakket rolegare i gjennomføringa enn desse, men kanskje meir mystisk i atmosfæren han formidlar. I blant blir det nesten litt kjedeleg, då det kan skje litt lite over lengre tid. Men så hentar serien seg inn igjen, då han har eit spennande mysterium i botn som eg er interessert i å få vite løysinga på.

I både Safe og The Stranger var vegen dit meir interessant enn løysinga, mens det i The Woods er slutten som er best.

Eg kan ikkje anbefale denne, men har eit førehald. Og det er at om andre Harlan Coben-seriar treff midt i blinken, så kan du få glede av denne. Berre ikkje som førsteprioritet. Og eg har tilgode å sjå alle seriane hans, så kva rekkefølge som vil gjelde til slutt er eg ikkje sikker på.

W głębi lasu (2020) – Filmdagbok