
W*A*L*T*E*R
Dette er pilotepisoden til W*A*L*T*E*R, ein serie som aldri blei til meir enn ein episode. Episoden blei sendt som ein tv-spesial i 1984.
Serien hadde M*A*S*H-karakteren Walter «Radar» O'Reilly (Gary Burghoff) i hovudrolla. Etter Korea-krigen har han blitt politi i St. Louis.
Dette imponerer ikkje, tvert i mot. Delvis på grunn av elendig lyd- og bildekvalitet, men mest på grunn av mangelen på gode vitsar.
I tillegg skal dette leve opp til M*A*S*H, men endar opp utan ein snev av det som gjorde M*A*S*H bra.
Jakevico på Letterboxd (letterboxd.com) meiner noko av problemet er at Radar blir plassert midt i handlinga som fersk politimann, medan styrken hans før låg i å få ting til å fungere rundt dei andre. Dei nye folka blir dessutan for generiske. Det gir ei meir konkret forklaring på kvifor dette kjennest så langt frå serien eg likar. Å ta med ein kjent figur er ikkje nok når samspelet og humoren som gav han verdi, blir borte.
