Westworld er ein HBO-serie som starta å gå i 2016. Han er laga av Lisa Joy og Jonathan Nolan, basert på filmen Westworld frå 1973.
Mykje snakk om serien skapte høge forventningar. Eg gjorde som eg gjerne gjer med seriar, og venta til første sesong var over før eg starta å sjå serien. Sidan eg er glad i både science fiction, western og filmen frå 1973, var det aldri tvil om at eg skulle sjå serien.
Westworld handlar om ein gigantisk temapark med western-tema, kor innbyggjarane på området er høgteknologiske robotar som ser prikk like ut som menneske. Ein billett dit er ikkje billeg, men dei besøkande kan til gjengjeld herje på som dei vil. På alle moglege måtar.
Denne HBO-serien er ein dyr sak, og han ser unekteleg lekker ut. Den einaste avgrensinga eg opplever, er ein som er del av historia, og ho blir opplevd i positiv forstand. Det er grensene mellom det kunstige og det menneskelege som er den raude tråden. Og ved å halde sjåarane på avstanden til ei armlengd til bakgrunnhistorie og hendingar, blir viktig mystikk og spenning skapt.
Stort sett held serien seg god og engasjerer. Eg opplever nokon dødpunkt, og noko er føreseieleg, men serien er rik på andre inntrykk som veg opp. Utan å avsløre handlinga, vil eg komme med ei innrømming at trass i mi aktive spekulering undervegs, og ei aning om koplingar mellom ulike forteljingar, så tok sesongfinalen meg på senga i korleis han nøsta opp i trådane. På ein svært god måte.
Likar du science fiction og western, er Westworld ei trygg investering i tidsbruk. Elles er det også mogleg at denne serien kan gjere deg interessert i desse sjangrane. Sånn er det gjerne med HBO-seriar.