What About Brian - Filmdagbok

What About Brian 2006

What About Brian handlar om ein fyr på 32 år, spelt av Barry Watson, som er den einaste igjen i vennegjengen som er einsleg.

Dramaet her har sitt utgangspunkt i kva han gjer. Ein ting er at han er forelska i den nye kona til vennen, ein annan er at hans villfaring og søken etter fast forhold også fører til situasjonar kor forholda eller ekteskapa til dei andre vennene blir sett på prøve.

Ein kort og ein lang sesong blei det. Det er nok for ein serie som What About Brian, som har godt drama, men brukar så mykje av karakterane sine at det på lengre sikt går tomt for nye eller interessante historier.

Eg kan ikkje sei at What About Brian på nokon måte skil seg ut i mengda, men heller er ein av desse fine avbrekka om du likar drama med litt romantikk.