Hopp til hovedinnhold
Plakat for When Calls the Heart (2014)

When Calls the Heart

Serie
3

Dette er lykkeleg frå ein ende til ein annan. Det er sjarmerande greier, men dei som lagar serier antar ofte at sjåarane er dumme. Det heile er svært enkelt, fullt av kklisjear og av karakterar som ikkje ville ha eksistert på ekte. Berre i fantasien til eit barn.

Eg ser likevel på serien. Det gjer eg fordi han nettopp er så enkel og glad, og at han blir eit avbrekk blant mange seriar som handlar om dystre saker. Det er fint med eit avbrekk av denne typen. Eg kunne ha klart meg utan dei religiøse undertonane, men tykker elles at dette er positivt og hyggeleg.

At hygge ikkje treng å utelukke godt manus, er eit poeng Autumn Topping tek opp på The Silver Petticoat Review (silverpetticoatreview.com). I omtalen av opningsepisoden likar ho den gammaldagse varmen, men finn dialogen stiv og romantikken konstruert. Eg kjenner att spenninga mellom sjarmen og det enkle. Serien gir meg eit kjærkome avbrekk, sjølv om eg gjerne skulle sett meir naturlege karakterar.