Hopp til hovedinnhold
Plakat for White Wall (2020)

White Wall

Serie
4

Ein mystisk kvit vegg dukkar opp når eit avfallsdepot skal byggast i gamle gruvegongar. Og veggen påverkar det psykisk på dei som har vore i nærleiken. White Wall er ein finsk serie og eit nordisk samarbeid, som både er stemningsrikt og dramatisk. Serien er god på oppbygging, og gir seg akkurat på rett tidspunkt.

Oppbygginga får ei meir utolmodig mottaking på Skrivigheter (skrivigheter.wordpress.com). Etter dei to første episodane meiner Vegangirl at den første gir svært lite, medan den andre byrjar å bli spennande. Eg vurderer heile serien meir positivt, men den korte reaksjonen viser kor mykje som står på spel i ei langsam opning. Stemninga må gripe tak før mysteriet har gitt oss så mange svar.