
Who Is Erin Carter?
Who Is Erin Carter? er spennande saker frå Netflix. Ei kvinne har funne ein kvardag i Barcelona og halde fortida skjult. Når den løynde identiteten hennar er i ferd med å bli avslørt, får det store følger.
Erin Carter (Evin Ahmad) arbeider som lærar. Under eit ran viser ho at ho har ferdigheiter som ikkje heilt passar med den historia ho har fortalt om seg sjølv. Dermed blir det vanskelegare å halde livet ho har bygd opp, skilt frå livet ho har kome frå.
Det gir rom for mykje tøff action. Men det er også spenning i ventinga, når faren ligg der utan at alt har brote ut enda. Den trykkande atmosfæren gjer at serien har meir å bruke enn berre slåstkampane.
Jim McLennan på Girls With Guns (girlswithguns.org) likar særleg kampscenene og korleis hovudpersonen bruker det ho finn rundt seg. Han meiner også at me må godta ein del lite truverdige samantreff. Begeistringa hans er større enn mi, men actionen er eit klart haldepunkt.
For meg fungerer blandinga av det som kan bli avslørt, og det som faktisk skjer, ganske godt. Who Is Erin Carter? blir ikkje noko stort, men gir meg både action og uro nok til at eg held fram.
