Bryan Fuller, mannen bak Dead Like Me og Pushing Daisies mislykkast med Wonderfalls. Serien blei kansellert etter fire episodar, grunna urettferdige, men naturlege samanliknar med den hakket meir publikumslikte Joan of Arcadia. Heldigvis kom tretten episodar på video, for dette er ei lita perle.
Smart og frekk humor lik humoren i Dead Like Me, og med solide skodespelarar der kjemien sit som et skot. Forholdet mellom søskena som Caroline Dhavernas og Lee Pace spelar er ein ting som veks utover og er mykje moro. Det er synd at serien blei kansellert, men første sesong er heldigvis fullstendig nok til å vere verdt å utforske.