
You Me Her
Denne serien handlar om eit par som bur i ein forstand, og som verken er eit spesielt spennande par eller som har framtidsutsikter til å få barn. Det dei gjer er å ta inn ei ung kvinne i tjueåra som dei begge blir forelska i.
Serien er smått kaotisk på ein underhaldande måte. Støtteskodespelarane har gode historier som er vel så interessant som hovudhandlinga til You Me Her.
Kaoset får ei langt strengare vurdering på Coffee & Kink (coffeeandkink.me). I omtalen av dei tre første sesongane blir det mellom anna kritisert at Jack og Emma behandlar Izzy som noko dei skal fordele mellom seg, og at konfliktar blir glatta over utan ordentleg samtale. Eg har lettare for å bli underhalden av rotet, men innvendinga gir noko å tenke på om kva slags forhold serien faktisk viser.
Det er ein god serie ei god stund, men etter fjerde sesong byrjar eg å få nok av dette kjærleikstriangelet. For då byrjar serien å røre seg inn i familieverda, og det pleier å vere så som så i ein tv-serie. Og femte sesong er avslutninga som ikkje kjem eit minutt for tidleg.
