You Me Her - Filmdagbok

You Me Her 2016

Denne serien handlar om eit par som bur i ein forstand, og som verken er eit spesielt spennande par eller som har framtidsutsikter til å få barn. Det dei gjer er å ta inn ei ung kvinne i tjueåra som dei begge blir forelska i.

Serien er smått kaotisk på ein underhaldande måte. Støtteskodespelarane har gode historier som er vel så interessant som hovudhandlinga til You Me Her.

Det er ein god serie ei god stund, men etter fjerde sesong byrjar eg å få nok av dette kjærleikstriangelet. For då byrjar serien å røre seg inn i familieverda, og det pleier å vere så som så i ein tv-serie. Og femte sesong er avslutninga som ikkje kjem eit minutt for tidleg.