
Zero Day
Politisk thrillerserie er noko eg kan sette pris på. Zero Day var ei positiv oppleving. Her får me ei seks episodar lang forteljing der spenninga held seg nesten heile vegen.
Sjølv med enkelte litt for ville vendingar, fungerer dramaet godt utan å bli for mykje. Robert De Niro tek styringa slik eg forventar at han burde. Han er ein gammal mann, men det merkast ikkje her i energien han bidreg med på skjermen.
Zero Day er bra åleine, men òg samanlikna med mykje anna. Som i at han ikkje dreg ut handlinga. Det er litt tynt manus av og til. Litt lettvinte løysingar. Slutten er og hakket for mykje. Ikkje fullt så logisk kanskje.
Robert De Niro blir òg halde fram som ankeret av Jonathon Wilson på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner midtpartiet stampar, men at dei siste episodane løftar serien. Eg opplevde framdrifta som jamnare og slutten som mindre logisk. Me er likevel samde om at Robert De Niro gir dramaet nok tyngd til å halde interessa oppe gjennom dei meir lettvinte delane.
Men som rein underhaldning held serien seg godt. Eg tykker det er fint å sjå ein thriller som kan engasjere, utan å bli for partisk eller tung. Og er fornøgd med det.
