Zoey er ei ung kvinne som etter ein innleiande episode får ei heilt spesiell evne. Ho kan høyre kva andre tenkjer, men berre i form av synging. Og det skjer alltid ukontrollert.
Songane er krydderet i ein serie om familien, jobben og kjærleikslivet til Zoey. Faren er alvorleg sjuk og kjem til å døy. På jobben har ho fått auka ansvar. Men der er det også to menn som ho ikkje klarar å velje mellom.
Zoey's Extraordinary Playlist har episodar på rundt 40 minuttar, og er ein NBC-serie som kan seiast å vere ei blanding mellom komedie og musikal. Det er ei god stund sidan eg sist såg ein serie med denne lengda frå ein kanal som NBC, og eg opplevde han som eit friskt pust og eit lett val å velje. Det er eit luksusproblem at det mykje å velje mellom på Netflix, men eit problem at mykje der verkar å ha laber kvalitet eller vere av det dystre slaget. Difor var det greitt å finne Zoey's Extraordinary Playlist hjå NRK.
Med meir romantisk drama, spreke songnummer og lett humor.