1000

Skriv · · 2. oktober 2007

Tre år og sju månader etter oppstarten vil eg altså runda dei tre nullane, med den neste filmen etter dette innlegget, i betydning av at eg har servert eit eller anna form for skribleri omkring dei 1000 filmane eg då har sett sidan den gong. I starten svært korte, etter kvar litt lengre innlegg.

Eg har lenge gått med tankar om å trappe ned skrivinga, men det har veldig mykje blitt ein rutine eller vane. Når eg i sommar såg eg raskt nærma meg 1000, tenkte eg og har tenkt sidan, at etter 1000 (legg saman totalen for kategoriane Alle og Skjult film, sistnemnte består av filmar skrive om i Temapostar, altså ekskludert alt som har med tv å gjere) vil eg roe meg litt.

For dei som eventuelt les her på Filmdagbok betyr det at eg vil prioritere å skrive om filmar eg faktisk føler eg kan ordlegge meg meiningsfullt om. Dette har vore ulempa med å skrive om absolutt alt, noko eg heile tida har vore klar over, at idétørke og minimalt meiningsgivande filmar har ført til tamme innlegg i massevis. Eg vil i framtida konsentrere meg meir om å skrive betre innlegg, så sant eg får det til, om filmar som gir noko ekstra i positiv eller negativ retning. Stort meir kan eg ikkje sei om tida som kjem, for dette må eg finne ut av etter kvart.

1000 betyr at eit mål er nådd, at eg har sett masse film, i blant for mykje, i blant mykje dårleg. For meg har Filmdagbok fungert som ein måte å få meir glede av og bli meir merksam på god film, som ei unnskyldning for å sjå mykje, og kanskje fått meg til å sette pris på fleire filmar som ved første augekast virka middelmådige? Difor har det etter kvart blitt eit større spekter av både nytt og gammalt, som har forbetra den genrelle filmkunnskapen min og gjort at eg enklare kan velge ut filmar eg trur passar for meg. Overraskelsane vil nok aldri ta slutt fordi om. Via Filmdagbok blei eg introdusert for eit bloggemiljø som seinare har samla seg meir og meir omkring Filmantrop-forumet, ein fantastisk plass med kjekke menneske (dei eg har møtt) som alle likar film, la det vare lenge!

Ta vel i mot ei ny Filmdagbok, om endringane blir synlege. Om eg klarar vil eg legge inn eit par dagars ferie herifrå.

1000 plakat - Filmdagbok