Amanda Peet er klar for X-Files 2

Skriv · · 12. desember 2007

Innspeling av X-Files 2 starta 10. desember i Vancouver, Canada. Det er no klart at rapparen Xzibit, komikaren Billy Connolly og Amanda Peet skal spele i oppfølgjaren til filmen The X-Files frå 1998.

Filmen som foreløpig ikkje har fått ein offisiell tittel, har fått med seg dei originale hovudpersonane frå tv-serien spelt av David Duchovny og Gillian Anderson. Det er skaparen av serien, Chris Carter, som sit i regissørstolen.

Handlinga i X-Files 2 skal vere ein godt bevart løyndom, men det går rykter om at han vil halde fram kor den første filmen slutta, med Mulder og Scully på flukt. Dei to kjem med i filmen etter ei opningsscene kor ein mann som tru på romvesen tek kundar og tilsette i eit reisebyrå som gislar. Rykta vil også ha det til at Xzibit og Amanda Peet skal spele spesialagentane Robert Coe og Samantha Pitney, som saman med ein politipsykolog leitar etter ei forsvunne jente.

Om ryka er til å stole på veit eg ikkje, men ein ting er eg trygg på, og det er at sanninga finst der ute.

Amanda Peet er klar for X-Files 2 plakat - Filmdagbok

Foto: Chloe frå Reading, England