Annonsering: Nytt tema

Skriv · · 3. august 2011

Filmdagbok har fått eit nytt tema, men beheld dei same funksjonane. Tema er tilpassa normalt store dataskjermar, og planen er å legge funksjonalitet for å tilpasse lesebrett og smarte telefonar med minst 320px breidde etter kvart.

Per dags dato er tema i hovudsak testa i Google Chrome, så rettingar og tilpassingar kjem fortløpande. Alle sider er ikkje rydda, all kode er ikkje optimalisert. Tema er likevel teke i bruk då det er tilnærma ferdig.

Kort om tema

Tema har fått namnet Central Logo Theme, er bygd på mitt førre tema Cyan (der koden var bygd på White as Milk). Framsida på tema er sterkt inspirert av Yoko i sitt trekolonners oppsett. Sjå tema i sin heilskap på Central Logo Theme-tema – Bloggarkivet. Sjå også Cyan-tema i sin heilskap på Cyan-tema – Bloggarkivet.

Kort om funskjonar og innstikk

Funksjonen Dimox Breadcrumbs er brukt til navigeringslinja under logoen. Innstikket WP Movie Ratings er brukt til filmlista i høgre sidekolonne og på eiga side. Innstikka WP-PageNavi og Wp Pagenavi Style er brukt til sidenavigeringa på botnen. I bakgrunnen køyrer innstikka Akismet og WP to Twitter.

Annonsering: Nytt tema plakat - Filmdagbok