Beste film: August

Skriv · · 3. september 2006

I august måned var det fire filmar som fekk Mi meining: Absolutt anbefalt. I ettertid kunne kanskje enkelte andre filmar like gjerne fått det, men slikt vil alltid vere vanskeleg å vurdere. 35 filmar er sette, noko som er eit rimeleg tal tatt i betrakning august består av 31 dagar, det har dermed ikkje blitt noko særleg TV-titting, og med unntak av Psych har eg ikkje fullført noko på den fronten.

Dei fire filmane som stakk seg ut var Brick, Clerks, American Gun og Wild at Heart. Alle ganske gode filmar, så det må eit ny faktor inn for å avgjere. Den fantastiske overraskelsesfaktoren.

Clerks var ikkje noko ny film for meg, sett to gonger før var eg fullstendig klar over kva eg gjekk til. Brick hadde eg eindel forhåpningar til, og den viste seg å vere ein god film, det same med Wild at Heart. American Gun derimot, hadde eg ikkje høyrt om, og dukka opp frå intet, så og seie. Skal eg trekke fram ein av desse filmane så blir det den, så ta det med beste film med ei klype salt denne gongen, American Gun blir heller månedens overraskelse. Dei tre andre filmane er også filmar du bør få med deg!

Diverre har det blitt ein del dårleg film og i løpet av august, og botnen av isberget var utan tvil The Star Wars Holiday Special, større makkverk skal ein leite lenge etter.

Beste film: August plakat - Filmdagbok