Beste film: Februar

Skriv · · 12. mars 2006

Beste film for februar kjem seint, men godt. Denne månaden er det Fargo, Being There og First Descent som er blant dei beste filmane som eg føler bør bli nominerte. Men det var ikkje langt i frå at andre titlar kunne ha komme med. Jaws var like god som Being There.

Men den beste filmen må bli First Descent, for det nydelege landskapet og dei adrenalinfyllte spenningsscenene, eit perfekt dokumentarfilm som bør sjåast av folk med sans for snøbrett, samt ski. Ei innsiktsrik reise gjennom snøbrettet si historie, og ei god introduksjon til noko av dei beste talenta. Filmen heng akkurat så godt saman at det ikkje bli som ei kjedeleg oppsummering av stunts og informasjon, og klarar å behalde interessa på toppen heilt fram til slutten.

Beste film: Februar plakat - Filmdagbok