Beste film: Mars

Skriv · · 1. april 2006

I mars måned har eg sett veldig mykje film, kanskje for mykje? Uansett veldig mykje bra, så eg føler ikkje at eg har kasta bort tiden på nokon som helst måte. Det blir desto verre å trekke fram tre gode filmar blant dei tjueein filmane eg har sett. Eg vil trekke fram tre ulike filmar: Tom yum goong som ein veldig god martial arts film, i fotspora til Ong-bak. Både underholdande, vanvittige gode slossescener, og ein artig vri av ein historie. Hoodwinked som ein alternativ animasjonsfilm. Og The Station Agent som ein varm og morsom komedie.

The Station Agent må bli den som trekk det lengste strået, og filmen frå mars måned som eg sterkast vil anbefale. Filmen gir oss rundt 90 minuttar med god stemning og ei fin historie, og kunne for min del gjerne vore ein god del lengre, om det hadde fortsatt på same måte.

Beste film: Mars plakat - Filmdagbok