Beste film: November

Skriv · · 4. desember 2006

Betre seint enn aldri. I november blei det sett ein del gode filmar, og eg har vore meir generøs enn aldri før på å gi den høgaste meiningsvurderinga. Ei toppliste på seks filmar som alle er forskjellige nok til å fortene ein plass har blitt satt sammen. Mange sterke kandidatar til den oppkommande uhøgtidelege Beste film 2006-lista for kvar kategori i Filmdagbok.

  • Casino Royale er den siste James Bond-filmen, og den første undertegna har verkeleg storkost seg med på kino.
  • An Inconvenient Truth rettar søkelyset mot miljøproblem på ein truverdig måte.
  • Cars er hittil min Pixar-favoritt og gir ei spennande og artig historie i tillegg til eit fantastisk detaljnivå.
  • Babel overraska meg etter eit tidlegare labert møte med regissøren som laga 21 Grams. Godt drama.
  • Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan er hysterisk og ein komedie utan daupunkt. Eit tips er å unngå å tenke i retning av at det skal vere satire av noko slag. Sjå på det som ein rølpefilm og bli underholdt først og fremst.
  • Scoop. At Woody Allen står bak filmen seier mykje om den. Eg er fan av måten han skriv litt meir intellektuell humor på, og når unngår å slite på tålmodigheita til publikum for mykje i denne filmen, så blir det ei god filmoppleving.
Beste film: November plakat - Filmdagbok