Beste film: Oktober

Skriv · · 1. november 2006

I oktober har det blitt satt ny rekord i antall innlegg i Filmdagbok, og likevel om ikkje alt er film, men også nokre TV-seriar og TV-samlepostar, så har det blitt ein god del film. I staden for å velge ut ein enkelt film denne gongen lagar eg ei liste på fire. Tidlegare beste film-innlegg har ofte innhalde tre filmar eller færre, og det er ut i frå alle desse, med hovudprioritering på vinnarane eg i januar 2007 skal lage ei beste film-liste basert på kategoriane i Filmdagbok.

Her er dei fire absolutte anbefalingane frå oktober.

  1. The Lake House. Nydeleg drama med ei umogleg kjærleikshistorie der dei to hovudpersonane er avskilt i tid, og ikkje rom.
  2. Eternal Sunshine of the Spotless Mind. Eit gjensyn med denne bekrefta det gode inntrykket eg sat igjen med sist. Den er vanskeleg å plassere, og er ein spesiell film. Men stemninga er iallfall ikkje til å ta feil av.
  3. Mou gaan dou. Hongkong-krimthriller, med god og ikkje altfor innvikla historie.
  4. Nacho Libre. Ein lenge etterlengta komedie med Jack Black om draumen å bli meksikansk wrestlar. Ein av Jack Blacks betre filmar på ei stund.
Beste film: Oktober plakat - Filmdagbok