Beste film: September

Skriv · · 3. oktober 2006

I september såg eg masse god film. Ettersom eg ikkje har prøvd å lage ei rangering etter kvart blir det ikkje lett å hugse alle, men dei som eg i hetens øyeblikk har stempla Absolutt anbefalt er følgande er United 93, Bubba Ho-tep og Art School Confidential.

Den reelle konkurranser her føler eg blir mellom Art School Confidential og United 93 som nye filmar, dei er to ganske forskjellige saker: Komedie versus tragedie. Om eg ikkje alt hadde sett dei ville nok Art School Confidential trukke det lengste strået, eg foretrekk gjerne ein god komedie framfor ein dramatisk film basert på sanne handlingar. United 93 imponerte på mange måtar, så ingenting stygt skal bli sagt om den. Men med gode erfaringar frå forrige Terry Zwigoff og Daniel Clowes-samarbeid så var dette ein av dei filmane eg såg skikkeleg fram til.

Så den uoffisielle vinnaren i denne uoffisielle kåringa blir Art School Confidential, men få absolutt med deg dei to andre filmane her og.

Beste film: September plakat - Filmdagbok